Plastemballasje

ORDNING: Henteordning.

Skal leverast i spesialsekker og vert henta saman med papiravfallet. Nye sekker får du ved å knyte ein sekk på papirdunken når du treng ny rull. Sekker kan du òg få ved alle SIM sine miljøsentralar. Du kan òg levere sekker på miljøsentralen.

NB: Berre spesialsekkene du får hjå SIM skal brukast til sortering.

Ja takk

All rein plastemballasjeplast. Til dømes:

  • Plastflasker/-kanner
  • Plastposar o.l utan aluminiumsfolie innvendig
  • Plastboksar/-beger
  • Blomsterpotter

Nei takk

  • Tilgrisa plast (matrestar etc.)
  • Plastemballasje som inneheld restar av farleg avfall
  • Plast som ikkje er emballasje (f.eks leiker, møblar osv.)
  • Plastposar belagt med aluminiumsfolie (t.d kaffiposar, chipsposar)