Kjeldesortering

Restavfall

Papir/papp

Bio

Tekstil/klede

Plastemballasje

Dekk

Gips

Trevirke

EE-avfall/Farleg avfall

Farleg avfall næringskundar

Glas & metallemballasje

Ikkje brennbar rest

Kjeldesortering vil seia å sortera avfall i ulike typar, slik at det kan gjenvinnast til råstoff for nye produkt på ein best mogeleg måte for miljøet.

Hente- og bringeordningar

For å gjera det enkelt å kjeldesortera, har SIM innført eit hente- og bringesystem.

SIM hentar matavfall, papiravfall og restavfall hos deg.
Resten av boset må du sortera og bringa til ein miljøsentral eller eit returpunkt for glas- og metallemballasje i nærleiken av der du bur.

Bransjeavtalar

I tillegg er det etablert fleire landsfemnande system for innsamling av avfall til gjenvinning, såkalla bransjeavtalar. Dette er avtalar som er inngått mellom dei ulike bransjane og Miljøverndepartementet. Avtalane inneheld klare mål for kor mykje av avfallet innanfor ein bransje som skal samlast inn og gjenvinnast. Ordningane vert delvis finansiert gjennom miljøgebyr, dvs at du som kunde må betala litt ekstra når du kjøper nye produkt.

Det er inngått bransjeavtalar for drikkekartong, emballasjekartong, hermetikk, glas (friviljug avtale), EE-avfall, plast, brunt papir, blybatteri og metallemballasje.

Det er kvar enkelt bransje sitt ansvar å organisera returordningane og oppfylla gjenvinningsmåla for sin bransje.

Kvifor sortera?

Dei sju kommunane som eig Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS har vedteke at alle innbyggjarane i kommunane skal kjeldesortera hushaldsavfallet sitt. Inntil vidare vert det sortert i tre fraksjonar: Papir, bioavfall og restavfall.
Miljøutfordringane veks. Forskning viser at forbruk av naturressursar og energi, med påfølgjande utslepp, medverkar til klimaendringar og spreiing av miljøgifter.
Aukande forbruk resulterer i veksande avfallsmengder. Dette er ei stor miljøutfordring.
Analyser viser at materialgjenvinning gir miljøfordeler samanlikna med forbrenning eller deponering av avfall.
Avfall er ressursar på avvegar. Auka kjeldesortering gjev auka gjenvinning og mindre avfall.
Kjeldesortering er ei forutsetning for å kunna gjenvinna avfallet.

Nyttar kjeldesortering?

Det er mykje mindre ressurskrevjande å laga eit nytt produkt av resirkulerte materialar, enn å laga produktet av nye råstoff.

Døme på dette kan vera produksjon av glas, som er svært energikrevjande. Ved å laga nytt glas av resirkulert glas, reduserer ein energibehovet i produksjonsprosessen med opptil 90 prosent.

Alt avfall som vert kjeldesortert i SIM-området, og som kan brukast om att, vert brukt om att; anten som råstoff for nye produkt eller som energi.