Bosdunken din

Det er viktig å tenkja nøye igjennom kvar du plasserer bosdunkane; både heime og på hente-/tømmestaden.

Heime kan det vera lurt å velja ein plass i skuggen. Eventuelt kan du planta tre og buskar som gjev skugge. Tenk branntryggleik og plasser dunkane i god avstand frå husveggen. Med tanke på lukt bør du også plassera dunkane i god avstand frå din eigen eller naboen sin utestad og vindauge.

For å ha krav på tømming, må dunkane vera på hente-/tømmestaden i tidsrommet 06.00 – 22.00 på tømmedagen.

Korleis bestiller eg ny bosdunk eller endre eksisterende abonnent?

Gå inn på øverste knapp «Min kommune» for å velga din kommune og vidare gjeldande skjema, eller kontakt oss på 53 45 78 50.

Andre krav som gjeld bosdunken:

  • Det skal berre nyttast behaldararsom SIM skaffar til vegar og plasserer ut, og som har godkjent merking og identifikasjon. Behaldarane tilhøyrer SIM og må berre brukast til oppsamling av den type avfall dei er merka for.
  • Behaldarane er registrerte på den einskilde eigedomen og følgjer denne. Dei skal ikkje fjernast frå eigedommen ved eigarskifte.
  • Bortkomne eller øydelagde behaldarar utover normal slitasje skal erstattast økonomisk av abonnent.
  • Behaldaren må ikkje fyllast meir enn at evt. lok kan lukkast tett til, evt. at «muleband» kan knytast, slik at hygieniske ulemper eller søl ikkje oppstår.Avfallet må ikkje pakkast fastare enn at behaldaren lett kan tømmast, evt. sekk kan verta løfta og kasta i bilen. Sekk må sikrast mot skade frå fugl, katt mm.
  • Vekta av avfallet bør ikkje overstiga 30 kg per 140 l dunkvolum, eller 15 kg per sekk.
  • Skarpe eller knuselege ting etc. skal vera forsvarleg innpakka før plassering i behaldaren. Avfall som kan gje støvplage under innsamling må emballerast. Varm oske må avkjølast heilt før ho vert emballert og lagt i behaldaren.
  • Farleg avfall skal ikkje leverast blanda med anna avfall, men bringast til miljøsentralen eller til annan, nærare kunngjort henteplass eller mottaksordning. Flytande avfall skal ikkje leggjast i behaldaren.
  • Vidare må det ikkje leggjast større metallting, stein og jord, større mengder hageavfall, sand, grus eller bygningsavfall. I behaldaren må det heller ikkje leggjast etsande avfall, eksplosivt avfall eller avfall som kan sjølvtenna.
  • Konteinarar som er meint for hytter og fritidshus, skal ikkje brukast av fast busette, verksemder, utleigehytter eller anlegg for turisme.

Om hente-/tømmestaden:

  • Hentestadenskal liggja ved køyrbar veg, der bosrutagår. SIM skal kunna godkjenna – og kan krevja utbetring av – hentestaden i samsvar med krava til oppstilling av behaldarane.
  • På hentestaden skal behaldaren plasserast lett tilgjengeleg på eit plant og fast underlag i bakkenivå. Det skal avsetjast tilstrekkeleg areal til behaldarar, samt manøvreringsareal for desse. Tilkomsten skal vera fri for hindringar som kan gjera hentinga vanskeleg, slik som tersklar, trappetrinn, parkerte bilar, brøytekantar osb.
  • På oppstillingsplassen skal behaldaren plasserast slik at han ikkje er til ulempe for nabo med omsyn til lukt eller søl, og slik at han er verna mot vind og vêr, og åtak frå skadedyr, fugl mm. Plassert innomhus, skal rommet behaldaren står i vera lufta.
  • Vegstandard, vedlikehald, tilkomst, utforming av hentestad osb. skal tilfredsstilla kommunen sine krav. Godkjent bruk av privat veg etter skriftleg søknad, skal regulerast i skriftleg avtale mellom vegeigar og kommunen. Retningsliner for køyreveg for renovasjonsruter skal leggjast til grunn, jfr. vedlegg 1.
  • Etter særskilt avtale og godtgjersle kan oppstillingsplassen heime verta definert som hentestad.