Hushaldsrenovasjon

Hushaldsrenovasjon

I kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes er det tvungen kommunal renovasjonsordning. Alle som eig sjølvstendig hus/husvære/bueining/hytte/fritidshus m.m, med eige eller felles kjøken, må vera med i ordninga.

Sorterer i tre dunkar

Abonnentane sorterer avfallet sitt i tre dunkar; ein for papir, ein for bioavfall og ein for restavfall. Dunkane vert henta av SIM på avtalte stader, til avtalte vekedagar. Kva dag det er tøming av dunken framgår av SIM sin tømmekalender (ei veke for bio, ei for papir osb.).

«Kjeldesorteringsbrikka»

For blinde og svaksynte har SIM eit merkesystem kalla «Kjeldesorteringsbrikka». Det er ei lita brikke som ein skrur fast på dunken. Brikka er utstyrt med blindeskrift i relieff, og bokstav i relieff med konstrastfargar. Brikka kan ein få tilsendt ved å ta kontakt med SIM.

Miljøsentralar og returpunkt

Abonnentane må sortera ut avfall som dei ikkje har lov til å kasta i dunkane, eller som dei ikkje får plass til der. Dette avfallet kan dei levera på ein av SIM sine miljøsentralar, eller på eitt av returpunkta for glas og hermetikk.

Fritak frå ordninga

Kommunen kan etter søknad unnta særskilde eigedomar frå renovasjonsordninga. I slike tilfelle må krava etter forureiningslova §§ 7 og 28 vera oppfylte. At eigedomen er fjerntliggjande eller vanskeleg tilgjengeleg, er ikkje fritaksgrunn dersom hentestaden ikkje er vesentleg vanskelegare tilgjengeleg enn næraste veg, busstopp, handelsmann eller offentleg kai/parkeringsplass.

Alternative avfallsløysingar

Kommunen kan i unntakshøve, og etter fråsegn frå SIM, vurdera alternative avfallsløysingar. Dette gjeld abonnentar som av omsyn til helse eller funksjonsevne ikkje kan nytta dei behaldarane som hovudløysinga er tufta på, og der kommunen sitt hjelpeapparat heller ikkje kan nyttast. Slike løysingar må passa inn i renovasjonsordninga totalt sett og ikkje undergrava hovudintensjonane i ordninga. Søknad må framsetjast skriftleg og vera grunngjeven.

Særskilde ordningar

Ein kan fastsetja særskilde ordningar og gebyr for tenester ut over hovudløysinga, så som tillegg for henting av behaldar på oppstillingsplass heime e.l.

Tvilstilfelle

I tvilstilfelle er det kommunen som, etter fråsegn frå SIM, avgjer kva som skal reknast som hushaldsavfall. Kommunen eig, og har rett til, verdiane i hushaldsavfallet. Utan skriftleg løyve frå kommunen må ingen samla innhushaldsavfall i SIM-kommunane. SIM skal gje førehandsfråsegn i slike saker. Unnateke er dei løyve forureiningsstyresmaktene gjev i medhald av forureininglova § 30, siste setning.